From Wikipedia, the free encyclopedia
«Can't Get You Out of My Head» er ein dansepopsong spelt inn av den australske songaren Kylie Minogue til det åttande studioalbumet hennar, Fever. Songen vart skriven og produsert av Cathy Dennis og Rob Davis, og vart utgjeven som den første singelen frå albumet.
Can't Get You Out of My Head Singel av Kylie Minogue frå albumet Fever | ||
B-side |
«Boy» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. september 2001 | |
Innspelt | 2001 | |
Sjanger | Dansepop | |
Lengd | 3:51 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | Cathy Dennis, Rob Davis | |
Tekstforfattar | Cathy Dennis | |
Låtskrivar(ar) | Cathy Dennis Rob Davis | |
Produsent | Cathy Dennis Rob Davis | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Butterfly» (2001) |
Can't Get You Out of My Head | «In Your Eyes» (2002)
|
«Can't Get You Out of My Head» vart den til då mest suksessfulle singlen av Minogue. Singelen nådde førsteplass på topplistene i over 40 land og har selt over 4 millionar eksemplar. Songen fekk mange positive meldingar frå kritikarar. I biografien til Minogue er songen skildra som den mest vellykka songen hennar til då.
«Can't Get You Out of My Head» er ein midtempo dansepopsong med påverknad frå elektronisk musikk. Musikken blir laga av eit elektrisk piano, strykarar og ulike elektroniske lydar.
«Can't Get You Out of My Head» vart utgjeven 8. september 2001. I heimlandet til Minogue Australia gjekk songen rett inn på listetoppen, den sjuande gongen ho oppnådde dette. Songen låg fire veker på listetoppen i Australia og vart den tredje mest selde singelen det året. I tillegg nådde songen førsteplass i New Zealand og vart liggjande der i tre veker. Han nådde førsteplassen i alle dei europeiske landa bortsett frå Finland, der han nådde nummer fem. Han nådde førsteplassen for ei veke i Frankrike og Tyskland, der han selte over 500 000 eksemplar i kvart av landa. Singelen selde 306 000 eksemplar i den første veka si etter utgjevinga, og nådde førsteplassen på UK Singles Chart, der han vart liggjande fire veker på toppen. Ved utgangen av året hadde singelen selt over ein million eksemplar.
Etter suksessen som songen oppnådde rundt om i verda vart «Can't Get You Out of My Head» utgjeven i USA. Han debuterte på nummer sekstifire på Billboard Hot 100 og nådde nummer sju i den niande veka på hitlistene. I august 2005 sertifiserte Recording Industry Association of America singelen til gull for eit sal på over 500 000 digitale nedlastingar i USA.[1]
Videoen viser Minogue som køyrer i eit framtidslandskap mot ein storby. I eit futuristisk bylandskap med dansarar i kvite kostyme som dansar som robotar. Minogue kjem til og dansar med dei i ei tilsvarande drakt. I den neste scenen dansar ho innandørs med dansarar i raude drakter med bøtteaktige hattar; ho sjølv ber ei kort, utfordrande hettedrakt som fekk mykje omtale. Til slutt opptrer Minogue i ein metallaktig kjole i eit mørkt utandørs bylandskap med dansarar kledde i svart. I 2002 vann videoen ein pris på MTV Video Music Awards for beste koreografien.
* Desse versjonane var ikkje tilgjengelege ved den opphavlege utgjevinga.
Vekentlege toppliste
|
Årsslutt toppliste
|
Sertifisering
|
Land | Dato |
---|---|
Australia | 8. september 2001 |
Storbritannia | 17. september 2001 |
USA | 27. februar 2002 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.