Fever av Kylie Minogue
album av Kylie Minogue From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fever er det åttande albumet av den australske songaren Kylie Minogue, utgjeven den 1. oktober 2001 i Australia og Storbritannia av Parlophone. Albumet vart seinare utgjeven i USA den 26. februar 2002 av Capitol Records.
Remove ads
Albuminformasjon
Minogue byrja å arbeide på albumet i 2001 med kjende låtskrivarar og produsentar som Cathy Dennis, Rob Davis og Tom Nichols. Albumet nådde førsteplass i Australia, Austerrike, Tyskland, Irland og Storbritannia. Minogue promoterte albumet på mange førestillingar inkludert turnéen KylieFever2002 og ein DVD av konserten filma i Manchester med tittelen KylieFever2002: Live in Manchester vart utgjeve den 18. november 2002.[1]
Fever vart utgjeven av Parlophone den 1. oktober 2001 i Australia, Storbritannia og andre europeiske land.[2][3] I USA vart albumet utgjeven av Capitol Records den 26. februar 2002.[4] Ein spesialversjon av albumet som inneheld eit ikkje utgjeve spor med tittelen «Whenever You Feel Like It» vart utgjeven den 19. november 2002.[5]
Remove ads
Listeplasseringar og sal
Den første singelen «Can't Get You Out of My Head» vart eit førsteplass-hit i fleire land. Albumet nådde førsteplass i Australia og på mange europeiske lister og har selt 1,9 millionar eksemplar i Storbritannia. Albumet har selt 8 millionar eksemplar på verdsbasis, noko som gjer det til hennar mestseljande album nokosinne. Det vart det mestseljande albumet hennar i Australia, USA, Canada og Russland. I USA vart albumet sertifisert platina frå Recording Industry Association of America og selde over 1,1 millionar eksemplar.
Albumet nådde fyrsteplass i Australia for fem veker,[3] og vart på den australske albumlistene for syttifire veker i alt, hennar høgaste og lengste albuma i landet. Albumet vart sertifisert sju gonger platina i Australia.[6] Albumet nådde nummer tre i New Zealand[7] og vart sertifisert to gonger platina i landet.[8] Albumet nådde òg fyrsteplass på UK Albums Chart for fire veker og vart der for sytti veker totalt.[9][10] Albumet nådde nummer tre på Billboard 200[11] og var det mest suksessfulle album til Minogue i USA.
Remove ads
Plateomslaget
Det er tre ulike versjonar av albumomslaget. Den opphavlege versjonen hadde Minogue iført kvite klede og haldande ein mikrofon. Denne versjonen vart distribuert i Australia, Asia, Europa og Latin-Amerika. Då albumet seinare vart utgjeve i USA og igjen i Asia, vart omslaget endra til ei framside som minner om «In Your Eyes». Dette omslaget er òg tilgjengeleg i Canada. Omslaget på spesialutgåva med ei ekstra plate liknar den opphavlege, men Minogue har her på seg ei blå drakt.
Singlar
- «Can't Get You Out of My Head» vart utgjeven i september 2001 i Europa og Australia. Han nådde førsteplass i Australia, Irland, Storbritannia og førti andre land bortsedd frå Finland.[12] I 2002 vart songen utgjeven i USA og nådde nummer sju på Billboard Hot 100.[13]
- «In Your Eyes» vart utgjeven i februar 2002. Han nådde topplassering i Australia,[14] medan han nådde nummer tre i Storbritannia og nummer seks i Irland. Denne singelen vart ikkje utgjeven i USA.
- «Love at First Sight» vart utgjeven i juni 2002. Han nådde nummer to i Storbritannia[15] og nummer tre i Australia.[16] Spora vart nominert til ein Grammy Award i 2003, etter å ha nådd førsteplassen på den amerikanske hitlista.
- «Come into My World» vart utgjeven i november 2002. Han nådde nummer fire i Australia,[17] nummer åtte i Storbritannia[18] og nummer elleve i Irland. Han nådde òg nummer 91 på Billboard Hot 100[13] og fekk ein Grammy Award i 2004.
Remove ads
Sporliste
Remove ads
Medverkande
|
|
Remove ads
Topplisteplasseringar
Remove ads
Sertifiseringar og sal
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads