Champasak-fylket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Champasak (også skrive Champassak eller Champasack, laotisk ຈຳປາສັກ) er eit fylke sørvest i Laos. Det er det sørlegaste fylket i landet, og blant dei fire austlegaste. Fylket ligg nær grensa til Thailand og Kambodsja. Innbyggjartalet er 694 023 (per 2015).
Kjappe fakta Land, Hovudstad ...
Champasak ຈຳປາສັກ | |||
fylke | |||
Utsyn over Pakse frå andre breidda av Mekong | |||
Land | Laos | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Pakse | ||
Areal | 15 415 km² | ||
Folketal | 694 023 (2015) | ||
Champasak-fylket 14.8825°N 105.8425°E / 14.8825; 105.8425 | |||
| |||
| |||
Wikimedia Commons: Champasak Province | |||
Lukk
Fylkeshovudstaden er Pakse, men har namn etter Champasak, den tidlegare hovudstaden i Kongedømet Champasak. Champasak har hatt ei sentral rolle i historia til Siam and Laos, som åstad for fleire slag.[1] Kulturarva i området omfattar gamle tempel og fransk koloniarkitektur. Champasak har rundt 20 wat-ar, eller tempel, som Wat Phou, Wat Luang og Wat Tham Fai. Irrawaddidelfinar og mange fossar i provinsen er viktige turistmål.[1]