From Wikipedia, the free encyclopedia
Charles-François Daubigny (15. februar 1817–19. februar 1878) var ein fransk landskapsmålar og grafikar. Han er kanskje den fremste representanten i fransk kunst for «le paysage intime», det nære landskapet. Daubigny var ein av forløparane til impresjonistane og vert assosiert med Barbizon-skulen.
Charles-François Daubigny | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 15. februar 1817 Paris |
Død |
19. februar 1878 (61 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, landskapsmålar, biletkunstnar, grafikar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Barbizon-skulen |
Far | Edmé-François Daubigny |
Born | Karl Daubigny |
Charles-François Daubigny på Commons |
Daubigny var fødd inn i ei kunstnarfamilie i Paris. Han vart lært opp til målar av faren Edmond Daubigny, onkelen og miniatyrmålaren Pierre Daubigny og Paul Delaroche.
Han starta som ein tradisjonell målar, til ei viss grad inspirert av eit opphald i Italia. Kringom 1850 fjerna han seg frå dei heroiske motiva og byrja å studere naturen på ein meir inngåande måte. I staden for storslagne naturlandskap, synte han fram rolege landskap med skog og stilleflytande elvar. Mange av motiva fann han frå sin eigen husbåt som han hadde fått innreidd til atelier, og som han reiste rundt på franske elvar og kanalar med.
Daubigny møtte impresjonisten Camille Corot i 1852, og vart påverka både av han og ein annan fransk målar, Gustave Courbet. Frå 1866 budde han i England. Han var der til både han og Claude Monet måtte reise til heimlandet via Nederland i 1870, grunna den fransk-prøyssiske krigen. Vel tilbake i Auvers møtte han elles ein annan av dei seinare impresjonistane, Paul Cézanne.
Daubigny nytta friske fargar i bileta sine, ofte grønfargar, som ramme om ei fredfull stemning. Små hus, glitrande vatn eller kunne vere slike stemningsskapande element. Gjennom sine motiv frå Barbizonskogen og frå Bretagne står han som den fremste målaren av Barbizon-skulen i fransk kunst.
Han døydde i fødebyen Paris, 61 år gammal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.