fransk organist og komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Charles-Marie Jean Albert Widor (21. februar 1844–12. mars 1937) var ein fransk organist og komponist. Han er mest kjend for toccataen frå Symfoni for orgel nr 5, som ofte vert spelt i bryllaupsseremoniar.
Charles-Marie Widor | |||
| |||
Fødd | 21. februar 1844 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lyon | ||
Død | 12. mars 1937 (93 år) | ||
Dødsstad | 16. arrondissement | ||
Fødenamn | Charles-Marie Jean Albert Widor | ||
Alias | Aulétès | ||
Opphav | Frankrike | ||
Sjanger | opera, symfoni | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | klassisk komponist, organist, arrangør, musikkpedagog, musikkritikar, universitetslærar, lærar, komponist | ||
Gift med | Mathilde de Montesquiou-Fézensac | ||
Prisar | Ridder av Æreslegionen, storoffiser av Æreslegionen |
Widor vart fødd i Lyon, og studerte musikk under faren sin, som òg var organist. Han fekk den første større jobben sin som organist i kyrkja Saint-Sulpice i Paris i 1870. I 1890 tok han over etter César Franck som orgelprofessor ved Pariskonservatoriet, der han seinare òg vart komposisjonsprofessor.
Fleire av studentane hans vart òg kjende, mellom andre Darius Mailhaud, Louis Vierane og Marcel Dupré. Widor skreiv musikk for ei lang rekkje instrument og ensemble, men verka hans for orgel blir oftast spelte. Komposisjonane hans inneheld mellom andre 10 orgelsymfoniar, ei messe for to orgel og to kor, symfoniar for orgel og orkester, nokre operaer med meir.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.