Orkester

From Wikipedia, the free encyclopedia

Orkester
Remove ads

Orkester er ei større gruppe av instrumentalmusikarar som speler saman. Det skil seg dermed frå frå kor med songarar, og frå mindre instrumental-ensemble og band med færre medlemmer. Storleiken på eit orkester er likevel ikkje fastlagt. Medan symfoniorkester kan ha over hundre medlemmer, finst det grupper kalla «orkester» med så få som fire medlemmer, særleg innan jazz- og dansebandtradisjonane.

Thumb
«Waldorf-Astoria Dance Orchestra» i 1924.
Thumb
Indonesisk gamelan-orkester.
Foto: Giovanni Sciarrino

Eit orkester kan spela instrumentalmusikk som symfoniar eller akkompagnera solistar. Musikarane kan spela etter noter eller improvisera. Dei blir ofte leia av ein dirigent eller kapellmester, men kan også spela utan leiar.

Remove ads

Ordsoge

I antikkens Hellas var orkhestra området der koret song og dansa, mellom proskenion, scenen, og theatron, der tilskodarane sat. Det moderne orkesteret har fått namnet sitt etter dette, og orkestergrava i framsyningssalar kan framleis minna om dette området.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Orkester


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads