britisk musikkprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia
Christopher Percy Gordon Blackwell (fødd 22. juni 1937) er ein engelsk forretningsmann og tidlegare plateprodusent. Han skipa Island Records, som er blitt kalla «eit av dei viktigaste, sjølvstendige plateselskapa i Storbritannia».[1] I følgje Rock and Roll Hall of Fame, som Blackwell vart innlemma i i 2001, er det «ingen andre enn han som har gjort så mykje for å få verda hekta på reggae.»[2]
Chris Blackwell | |||
| |||
Fødd | 22. juni 1937 (87 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Westminster i London i England | ||
Fødenamn | Christopher Percy Gordon Blackwell | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1959 | ||
Sjanger | Rock, reggae | ||
Plateselskap | Island | ||
Verka som | Plateprodusent Forretningsmann | ||
Mor | Blanche Blackwell | ||
Prisar | Grammy Trustees Award, Musgrave Medal, MOJO Awards, Polar Music Prize, Jamaicaordenen, Rock and Roll Hall of Fame |
Han skipa Island Records på Jamaica den 22. mai 1959, like før han fylte 22, og Blackwell var blant dei første som spelte inn den jamaicansk popmusikken som kom til å bli kjend som ska. Då han kom attende til Storbritannia i 1962, selde han plater frå bilen sin til det jamaicanske samfunnet.[1]
Med støtte frå Stanley Borden frå RKO, voks forretningane til Blackwell stadig, og han var med å forme karrierane til Bob Marley, Grace Jones og U2 blan mange andre. Han produsert mange kjende album, som Marley sine Catch A Fire og Uprising,[3] og debtualbumet til The B-52's i 1979.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.