From Wikipedia, the free encyclopedia
Gabrielle «Coco» Bonheur Chanel (19. august 1883–10. januar 1971)[1] var ein fransk moteskapar som grunnla motehuset Chanel. Ho er mest kjend som skaparen av kjolen «den vesle svarte» og parfymen Chanel No. 5.[2] Chanel vart kåra av magasinet Time til ei av dei hundre viktigaste og innverknadsrike personlegdomane frå 1900-talet, som den einaste moteskaparen.[3] I 2008 vart det produsert tre filmar og ein tv-serie om henne.
Coco Chanel | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 19. august 1883 Saumur |
Død |
10. januar 1971 (87 år) |
Yrke | motedesigner, tekstildesigner, bedriftsleiar, Modist, fransk motehusdesigner, kostymedesignar |
Språk | fransk |
Far | Albert Chanel |
Mor | Jeanne Devolle |
Ektefelle | ingen verdi |
Partnar | Étienne Balsan, Hans Günther von Dincklage, Boy Capel, Dmitri Pawlowitsch Romanow |
Nettstad | https://chanel.com |
Coco Chanel på Commons |
Chanel sjølv sa ho var fødd i 1883 i Auvergne, men ho vart eigentleg fødd i Saumur, i fattighuset mora hennar arbeidde i. Mora døydde då Gabrielle berre var elleve år gammal.[4] Som ung prøvde ho seg som kabaretsongar i Paris. Gjennom å sy kostyme til kollegaene ved kabaretteateret utvikla Chanel seg både som syar og designar.
Ho arbeidde som sjukepleiar i ein kort periode under første verdskrigen.[treng kjelde]
I 1939 då andre verdskrigen braut ut stengde Chanel verksemda si. Chanel sitt forhold med ein tysk offiser under andre verdskrigen resulterte i søkkande popularitet og eksil i Sveits.[5][6] Chanel vende ikkje tilbake til motebransjen før 1954.[2]
Coco Chanel gifta seg aldri, og fekk heller ingen barn. Ho hadde likevel ein fargerik vennekrins, deriblant Pablo Picasso, Misia Sert, Sergej Djagilev, Igor Stravinsky, Jean Cocteau, Jean Renoir og Luchino Visconti.[7]
Coco Chanel introduserte signaturcardiganen sin i 1925 og «den vesle svarte» året etter. Mesteparten av designet hennar forandra seg lite frå år til år og frå generasjon til generasjon. Typisk for Coco Chanel og designet hennar er fargane svart, kvitt og beige. Ho var veldig glad i klassiske perler.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.