Comino
From Wikipedia, the free encyclopedia
Comino (maltesisk Kemmuna) er ei øy i Dei maltesiske øyane i Malta mellom øya Malta og Gozo i Middelhavet. Ho har eit areal på 3,5 km². Ho er kalla opp etter urta karve (kummin) som ein gong blømde på øya. Comino er kjend som ein roleg og isolert stad. Det bur berre åtte personar på øya. I dag er Comino eit sjøfuglreservat og naturreservat. Administrativt høyrer øya til kommunen Għajnsielem på Gozo.
Kjappe fakta Comino Lokalt namn Kemmuna, Geografi ...
Comino Lokalt namn Kemmuna | |
---|---|
Den blå lagunen ved Comino | |
Geografi | |
Stad | Malta i Middelhavet |
Koordinatar | 36°01′N 14°20′E |
Øygruppe | Dei maltesisk øyane
|
Areal | 3,5 km² km²
|
Administrasjon | |
Land | Malta |
Demografi | |
Folketal | 8 |
Folketettleik | 2,3 /km² |
Close
Comino er ein populær opptaksstad for filmmakarar og er mellom anna med i filmane Troja, Greven av Monte Cristo og Swept Away.