Maltesisk
semittisk språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Maltesisk (maltesisk Malti) er offisielt språk på Malta, og offisielt språk i EU. Det er ein tidlegare arabisk dialekt, men i løpet av historia si har det teke opp mange lånord og fonologiske trekk frå sørlege italienske dialektar, særleg frå siciliansk, og frå engelsk. Maltesisk er det einaste semittiske språket som har eit skriftspråk skrive med det latinske alfabetet som standard.
Kjappe fakta
Maltesisk Malti | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Semittisk Sentralsemittisk Maltesisk | |
Bruk | ||
Tala i | Malta | |
Område | Malta | |
Maltesisktalande i alt | 500 000 [1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Malta EU | |
Normert av | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | mt | |
ISO 639-2 | mlt | |
ISO 639-3 | mlt | |
Wikipedia på maltesisk |
Close
Maltesisk fekk status som offisielt språk på Malta i 1936, attmed engelsk. Før det var det offisielle språket på øya italiensk.
Det eldste dokumentet på maltesisk er «Il Cantilena», eit dikt frå 1400-talet.[2]