County Clare
From Wikipedia, the free encyclopedia
County Clare (irsk Contae an Cláir) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster. County Clare ligg på vestkysten av Irland, nordvest for elva Shannon og inntil Lough Derg.
Kjappe fakta Land, Del av ...
County Clare | |||
Contae an Cláir | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Ennis | ||
Areal | 3 147 km² | ||
Folketal | 110 810 (2006) | ||
Folketettleik | 35 / km² | ||
Provins | Munster | ||
Bilnummer | CE | ||
County Clare 52.833333333333°N 9°W / 52.833333333333; -9 | |||
| |||
Wikimedia Commons: County Clare | |||
Nettstad: www.clare.ie | |||
Lukk
County Clare grensar til Galway og Galway Bay i nord, Tipperary i aust og Atlanterhavet i vest.
Området høyrte tidlegare til distriktet Thomond, som var ein del av Connacht, og då grevskapet Clare vart oppretta gjekk det då òg under namnet Thomond.
Ein del av landskapet i Clare omfattar mellom anna Burren, eit unikt karstlandskap. Området vert rekna for å vere fødestaden for det som i dag er kjend som den tradisjonelle irske folkemusikken.
Eit fylke, Clare County, i den amerikanske delstaten Michigan er kalla opp etter det irske grevskapet.