Munster
From Wikipedia, the free encyclopedia
Munster (irsk Cúige Mumhan, An Mhumhain eller Mumha) er ein av dei fire provinsane på Irland. Han er den sørlegaste av dei fire og ligg i Republikken Irland. Han består av grevskapa Clare, Cork, Kerry, Limerick, Tipperary og Waterford. Namnet kjem frå den keltiske gudinna Muma.
Munster | |||
Cúige Mumhan | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Areal | 24 607 km² | ||
Folketal | 1 172 170 (2006) | ||
Folketettleik | 48 / km² | ||
Munster 52.25°N 9°W / 52.25; -9 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Munster, Ireland | |||
Provinsen var opphavleg delt inn i seks regionar: Tuadh Muman (Nord-Munster), Des Mhuman (Sør-Munster), Urh Mhuman (Aust-Munster), Iar Mhuman (Vest-Munster), Ernaibh Mhuman (Ernaistammen sitt område) og Deisi Mhuman (Deisistammen sitt område). Desse vart etter kvart overtatt av tre kongedøme som utvikla seg i provinsen: Thomond i nord, Desmond i sør og Ormond i aust. Desse vart etter kvart til jarledøme. For det historiske irske kongedømet Munster, sjå Mumu.
Dei tre kronene i flagget representerer dei tre kongedøma. Flagget kan lett forvekslast med Dublin sitt flagg, som har tre slott plassert på liknande måte på ein blå bakgrunn.