Delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina, resolusjon 181 til SN si generalforsamling, blei stemt fram av Dei sameina nasjonane den 29. november 1947 for å avslutta Det britiske palestinamandatet innan 1. august 1948. Planen skulle løysa Midtausten-konflikten i Det britiske palestinamandatet. Generalforsamlinga godkjente planen med 33 stemmer mot 13, med 10 nøytrale. For å ta høgd for stor innvandring etter jødeforfølgingane i Europa og holocaust, blei jødane tildelte 56 % av Palestina medan arabarane fekk 43 %. Resten av området (1 %, som omfatta Jerusalem og omgivnader) fekk status som corpus separatum, ei internasjonal sone.
Denne planen blei sett på som urettferdig av palestinarar, og blei avvist av dei og av arabiske makter. Delingsplanen blei akseptert av Jewish Agency for Palestina og av dei fleste sionistiske fraksjonane; berre utkanten uttrykte misnøye over territorielle grenser sett på den føreslåtte jødiske staten.[1][2] Den arabiske høgare komiteen, Den arabiske ligaen og andre arabiske leiarar og regjeringar avviste han[3] og indikerte ein uvilje til å akseptera noka form for territoriell inndeling,[4] og argumenterte for at det braut med prinsippa om nasjonal sjølvbestemming i SN-pakta, som gjev folk rett til å bestemma sin eigen skjebne.[5] Dei kunngjorde at dei hadde til hensikt å ta i bruk alle nødvendige tiltak for å hindra implementeringa av resolusjonen.[6][7] Deretter braut det ut ein borgarkrig i Palestina, og planen blei ikkje implementert.[8]