Den italienske halvøya eller Den appenninske halvøya (italiensk Penisola italiana eller Penisola appenninica) er ei av dei største halvøyane i Europa og strekkjer seg 1000 km frå Alpane i nord og sørover i sentrale område av Middelhavet. Halvøya er kjend for å vere forma som ein støvel (kalla Lo Stivale på italiensk).

Thumb
Satellittbilete av Den italienske halvøya om våren

Nesten heile halvøya er ein del av Italia, bortsett frå to små område, San Marino og Vatikanstaten, som er sjølvstendige, i tillegg til ein liten del av Sveits.

Halvøya grensar til Liguriahavet og Tyrrenhavet i vest, til Det joniske havet i sør og Adriahavet i aust. Dei indre områda består av fjellkjeda Appenninane, medan dei nordlege områda stort sett består av store sletter. Kysten er kupert med høge klipper.

Av naturressursar på halvøya finn ein petroleum.

Halvøya har stort sett middelhavsklima, men i indre område kan det verte kontinentalt. Den naturlege vegetasjonen består av krattskog, lauvskog og blanding av lauv- og barskog.

Kjelde

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.