Det joniske havet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Det joniske havet
Remove ads

Det joniske havet (albansk Deti Jon (som tyder «vårt hav»), gresk Ιόνιο Πέλαγος, Iónio Pélagos, italiensk Mare Ionio) er ein arm av Middelhavet, sør for Adriahavet. Området er avgrensa av dei sørlege områda av Italia, inkludert Calabria, Sicilia og Salento-halvøya i vest, og av Albania og fleire greske øyar i aust, inkludert Kérkyra, Levkáda, Kefaloniá, Itháki og Zákynthos. Desse øyane vert kalla Dei joniske øyane. Andre øyar er mellom anna Strofádes, Sfaktiría, Skhíza, Sapiéndza og Kýthira. Havet er eit av dei mest seismisk aktive i verda.

Thumb
Det joniske havet
Thumb
Det joniske havet, sett frå Kérkyra med fastlandet i Hellas og Albania i bakgrunnen

Det går ferjeruter mellom Pátra i Hellas og Brindisi og Ancona i Italia i den nordlege delen av havet, i tillegg til skipsfart til Pireus.

Remove ads

Etymologi

Ionius var son av Kong Adrias av Illyria, som gav namn til Adriahavet. Det har òg vore sagt at Ionius var son av Dyrrhachus frå byen Dyrrhachium (Epidamnos i antikken, i dag Durrës). Då Dyrrhachus vart angripe av sine eigne brør, fekk han hjelp av Herakles, som reiste gjennom landet. Men under slaget gjorde helten ein feil og drap sonen til Dyrrhachus. Liket vart kasta i havet, og etter dette vart havet kalla Det joniske havet.

Remove ads

Byar

I rekkefølgje frå sør til nord i vest, og så frå nord til sør i aust:

Bukter og sund

Tilløp

I rekkefølgje frå nord til sør


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads