From Wikipedia, the free encyclopedia
Det franske mandatet for Syria og Libanon[1] (òg kalla Det franske mandatet for Syria, fransk Mandat français pour la Syrie et le Liban, arabisk الانتداب الفرنسي في سوريا و لبنان al-Intidab al-Firansi fi Suriya wa Lubnan) var eit mandat i Folkeforbundet som vart grunnlagt etter fyrste verdskrigen og delinga av Det osmanske riket.
I løpet av dei to åra etter verdskrigen var over i 1918, og slik det var nedskrive i Sykes-Picot-avtalen som vart signert mellom Storbritannia og Frankrike under krigen, hadde britane kontroll over det meste av det osmanske Mesopotamia (dagens Irak) og den sørlege delen av Osmansk Syria (Palestina og Transjordan), medan franskmennene hadde kontroll over resten av Osmansk Syria (dagens Syria, Libanon, Alexandretta) og andre delar av det søraustlege Tyrkia. Tidleg i 1920-åra vart den britiske og franske kontrollen over desse områda formaliserte i mandatsystemet til Folkeforbundet og Frankrike fekk mandatet over Syria den 29. september 1923, som omfatta område i dagens Libanon og Alexandretta (Hatay) i tillegg til sjølve Syria.
Adminsitrasjonen over regionen under franskmennene vart utført gjennom ei rekkje område, inkludert Det syriske forbundet (1922–24), Staten Syria (1924–1930) og Den syriske republikken (frå 1930), i tillegg til minste statar som Staten Stor-Libanon, Alawittarstaten og Jabal ad-Druze.
Det franske mandatet i Syria varte til 1943, då to land fekk sjølvstende frå mandatperioden, Syria og Libanon, i tillegg til at Hatay vart ein del av Tyrkia i 1939. Franske soldatar forlét Syria og Libanon i 1946.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.