Det sentrale distriktet i Israel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det sentrale distriktet (hebraisk מָחוֹז הַמֶרְכָּז, Meḥoz haMerkaz) i Israel er eit av seks administrative distrikt, som dekkjer det meste av Sharon-regionen. Det administrative senteret er Ramla. Det er vidare delt inn i fire underdistrikt: Petah Tikva, Ramla, Sharon og Rehovot. Den største byen i distriktet er Rishon LeZion. Folketalet i 2008 var 1 730 500. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå er 88 % av folkesetnaden jødiske, 8,2 % er arabarar og 4 % ikkje klassifiserte, og hovudsakleg emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen med delvis jødisk ætt.[1]
Kjappe fakta Land, Lokale kommunar ...
Det sentrale distriktet | |||
hebraisk מָחוֹז הַמֶרְכָּז | |||
distrikt | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Lokale kommunar | 22 | ||
Regionale kommunar | 12 | ||
Byar | 18 | ||
Administrasjonsstad | Ramla | ||
Koordinatar | 31°56′N 34°52′E | ||
Areal | 1 293 km² | ||
Folketal | 1 730 500 (2008) | ||
Det sentrale distriktet i Israel 31.93333333°N 34.86666667°E / 31.93333333; 34.86666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Central District (Israel) | |||
Close