Valdiviajordskjelvet eller det store chilenske jordskjelvet skjedde søndag 22. mai 1960 og er det kraftigaste jordskjelvet som nokon gong er registrert med ein styrke på 9,5 på momentmagnitudeskalaen. Det skjedde i Chile på ettermiddagen kl. 15:11 lokal tid og førte til ein tsunami som råka Sør-Chile, Hawaii, Japan, Filippinane, austlege New Zealand, søraustlege Australia og Aleutane.

Kjappe fakta Land, Stad ...
Valdiviajordskjelvet i 1960
jordskjelv
Thumb
Land  Chile
Stad Lumaco
 - koordinatar 38.235°S 73.047°W / -38.235; -73.047
Dato 22. mai 1960[1]
Styrke 9.5 Mw[2]
Tsunami Råka Sør-Chile, Hawaii, Japan, Filippinane, austlege New Zealand, søraustlege Australia og Aleutane
Drepne 2 230 – 6 000[3]
Thumb
Valdiviajordskjelvet i 1960
38.143°S 73.407°W / -38.143; -73.407
Thumb
Kart som viser Valdiviajordskjelvet i 1960.
Kart som viser Valdiviajordskjelvet i 1960.
Wikimedia Commons: Great Chilean Earthquake
Lukk

Episenteret låg nær Lumaco, kring 570 km sør for Santiago, og Valdivia vart den byen som vart hardast råka. Skjelvet skapte lokale tsunamiar som trefte den chilenske kysten med bølgehøgder opp mot 25 meter. Hovudtsunamien raste over Stillehavet og råka Hilo på Hawaii hardt. Bølgjer så høge som 10,7 meter vart registrert 10 000 km frå episenteret, så langt borte som i Japan og på Filippinane.

Dødstala og skadeomfanget frå ein så vidtomfattande katastrofe er uvisse.[4] Forskjellige estimat for dei totale dødstala etter skjelvet og tsunamiane er publiserte og ein studie frå United States Geological Survey har dødstal på 2231, 3000 eller 5700 omkomne[5] og andre kjelder nyttar estimat på 6000 døde.[3] Forskjellige estimat har estimert kostnaden til å variere frå USD 400 millionar til 800 millionar[5] (eller 2,9 til 5,8 mrd. 2011 dollar, justert for inflasjon).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.