Filippinane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Filippinane
Remove ads

Republikken Filippinane er ein øynasjon i Søraust-Asia. Landet består av 7 641[1] øyar og ligg i Stillehavet. Hovudstaden Manila ligg på den største øya, Luzon.

Kjappe fakta Repúbliká ng̃ Pilipinas Republic of the Philippines (norsk: Filippinane, filippinsk) ...

Landet var spansk koloni frå 1521 til 1898, og deretter kontrollert av USA til 1946. Dette var etter den filippinsk-amerikanske krigen. Det er saman med Aust-Timor og Sør-Korea eit av dei tre asiatiske landa som har kristendom som dominerande religion. Saman med den amerikanske innverknaden har dette gjort Filippinane til eit av dei mest vestlegorienterte landa i Asia.

Remove ads

Fakta

Folkesetnaden si middellivslengd: 69,3 år Spedbarnsdødelegheit:25 pr. 1000 Religion: Kristendom (romersk-katolsk 83 %, protestantisk 9 %), islam 5 %.

Thumb
Kart over Filippinane

Klima

Sjølv om Sørkinahavet og Filippinarhavet er varme hav vert likevel Filippinane påverka av den asiatiske monsunen. Medan Mindanao og dei sørlege Filippinane har høge temperaturar året rundt, kan Luzon, inkludert Manila, få noko kjøligare netter frå november til mars. Vinternettene i Luzon går innimellom under 15 °C sjølv ved havnivå. Tyfonar i det nordvestlege Stillehavet råkar ofte øygruppa og gjer at perioden juli til september er den våtaste i løpet av året. Filippane har etter måten tørre forhold om vinteren, men dei austlege og nordlege områda av øygruppa kan få ein del regnbyer. Manilla har ein årleg nedbørsnormal på 2042 mm.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads