![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1d/Flag_of_Dnipro.png/640px-Flag_of_Dnipro.png&w=640&q=50)
Dnipro
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dnipro (ukrainsk skrift Дніпро), tidlegare Dnepropetrovsk og før det Jekaterinoslav/Katerynoslav,[2] er den fjerde største byen i Ukraina med ein million innbyggjarar.[3][4] Han ligg ved Dnepr, søraust for den ukrainske hovudstaden Kiev, sør i det sentrale området av landet. Dnipro er det administrative senteret i Dnipropetrovsk oblast (provins).
- Denne artikkelen handlar om byen. For elva som heiter Dnipro på ukrainsk, sjå Dnepr.
Kjappe fakta Land, Oblast ...
Dnipro | |||
ukrainsk Дніпро, russisk Днипро | |||
by | |||
|
|||
Kallenamn: Dnipro | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Dnipropetrovsk oblast | ||
Bykommune | Dnipropetrovsk | ||
Høgd | 155 moh. | ||
Koordinatar | 48°27′0″N 34°59′0″E | ||
Areal | 405 km² | ||
Folketal | 1 001 612 (2011) | ||
Folketettleik | 2 473 / km² | ||
Grunnlagd | 1776 | ||
Borgarmeister | Ivan Ivanovytsj Kulitsjenko[1] | ||
Postnummer | 49000 | ||
Retningsnummer | +380 56(2) | ||
![]() Dnipro 48.4675°N 35.04°E / 48.4675; 35.04 | |||
Wikimedia Commons: Dnipro | |||
Nettstad: gorod.dp.ua | |||
Lukk
Dnipro er eit viktig industrisenter i Ukraina og var eit av dei største sentera for atomkraft, våpenindustri og romfart i det tidlegare Sovjetunionen. Her låg Juzjmasj, eit stort designbyrå og produsent av ballistiske missil. På grunn av den militære industrien var Dnipropetrovsk ein lukka by fram til 1990-åra.