Dorsetkulturen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dorsetkulturen er ei arkeologisk nemning på ei ikkje-inuittisk folkegruppe frå Grønland som truleg titulerte seg sjølv som sallirmiut, sadlermiut eller i følgje inuittisk folklore for turit. Folkegruppa døydde ut kring 1902. Moderne genetiske studiar viser at Dorset-folk skilde seg frå seinare folkegrupper i området, og det finst knapt noko prov på kulturell eller genetisk utveksling mellom Dorset- og Thule-folk.[1]
Dorsetkulturen var ein kultur som fanst i det arktiske Nord-Amerika før inuittkulturen. Iniuittiske legender nemner tunitt (eintal tuniq) eller sivullirmiut («Dei første innbyggarane»), som blei fordrivne av inuittane. Ifølgje mytane var dei «kjemper», eit folk som var høgare og sterkare enn inuittane, men som lett blei skremt av garde og trekte seg unna dei innkomande inuittane, som til slutt fortrengde dei.[2]
Antropologen Diamond Jenness blei i 1925 gjeven nokre merkelege kulturgjenstandar frå Cape Dorset i dagens Nunavut som verka å ha kome frå ein oldtidskultur som var heilt ulik den inuittane representerte. Jenness gav kulturen namn etter staden der fortidsleivningane var funne, dorsetkulturen. Funna hans viste eit konsekvent og bestemt kulturelt mønster som inkluderte ein sofistikert kunst som skilde seg klart frå den til inuittane, og viste mellom anna ein unik lang hårfrisyre hjå kvinnene og hettelause anorakkar med enorme kragar brukt av begge kjønn.
Ein leiande ekspert innfor studiar av tunitt-/dorsetkulturen er Robert McGhee, som har skrive ei rekkje bøker om denne kulturen og overgangen til Thule-inuitt-kulturen.
- Steinrestar av eit langhus frå Dorsetkulturen nær Cambridge Bay i Nunavut
- Parallellharpunhovud, ein av dei vanlegaste harpuntypane frå Dorsetkulturen
- Dorset-utskjering av ein isbjørn funnen på Igloolikøya
- Dorset-utskjering av ein sel