art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Dvergsporv (Emberiza pusilla) er ein liten fugl og medlem i busksporvfamilien. Han hekkar i nordlege Eurasia frå Finnmark til stillehavskysten, og overvintrar i sørlege Asia.
Dvergsporv | |
Dvergsporv | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiing ██ Berre hekking ██ Overvintring | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Busksporvfamilien Emberizidae |
Slekt: | Emberiza |
Art: | Dvergsporv E. pusilla |
Vitskapleg namn | |
Emberiza pusilla Pallas, 1776 |
Dvergsporven måler 12–14 cm i kroppslengde. Han har ein kraftig stripa brun rygg og kvit underside med fine mørke striper. Med kastanjefarga andlet og kvite mustasjestripe liknar han ei lita sivsporvhoe, men har svarte kronestriper, ein kvit augering og ein fin mørk kant på baksida av kastanjekinna. Kjønna er like.
Lætet er ein særegen zik, og songen er eit rullande siroo-sir-sir-siroo.
Denne vesle sporvearten hekkar over taigaen lengst nordaust i Europa og nordlege Sibir til det russiske fjerne austen, der finst han så langt nord som ved utlaupet av elva Indigirka, og vidare aust til Kolymabukta og Anadyrbukta. Sørgrensa er nordlegaste Mongolia. Han er ein trekkfugl og overvintrar i subtropane i Nord-India, Sør-Kina og dei nordlege delane av Søraust-Asia. Fuglane blir verande i vinterkvarteret ganske lenge; trekket nordover føregår frå mars til mai månader. Dvergsporv er ein sjeldan streiffugl til Vest-Europa. Denne arten er tilpasningsdyktig; i fjella i Bhutan, til dømes, der eit lite tal overvintrar, finst han typisk i eit jordbrukshabitat, for det meste mellom 1000 og 2000 moh.
Han hekkar i open barskog, ofte med litt bjørk eller selje. Føda består av frø, eller når dei matar ungar, insekt.
Han er ein vanleg og vidt utbreidd art og blir ikkje rekna som trua på IUCN si raudliste.
Dvergsporv er ein regelmessig, men fåtalig hekkefugl i Finnmark.[2] Det er estimert at mellom 30 og 100 individ hekkar i den austlege delen av Finnmark. Han er elles ein streiffugl i alle landsdeler utanom hekketida, særleg i september og oktober. Eit fleirtal av streiffuglane er registrerte i Rogaland.[3] Han er lista i kategorien sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.