Soga om Eirik Raude
From Wikipedia, the free encyclopedia
Soga om Eirik Raude er ei islendingesoge som handlar om fleire historiske hendingar frå rundt år 1000. Mykje av soga handlar om at Eirik Raude oppdaga Grønland og busette seg der, og om at son hans, Leif Eriksson, innførte kristendomen på Grønland.[1] Eit anna sentralt emne i soga er oppdaginga av Vinland, dei ulike oppdagingsferdene til Torfinn Karlsevne i Nord-Amerika og om møte med urfolket som vikingane kalla skrælingar.[1] På trass av mange fantasifulle innslag er soga om Eirik Raude, saman med Grønlendingesoga, ei viktig kjelde om dei norrøne reisene i Nordvest-Atlanteren i mellomalderen.