Elazar i Gush Etzion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Elazar (hebraisk skrift אֶלְעָזָר) er ei israelsk busetjing i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda, 18 kilometer sør for Jerusalem i Gush Etzion. Det er ein fellesbusetnad og har kring 1 700 innbyggjarar (2010)[1] Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[2] Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[3]
Elazar | |||
אֶלְעָזָר, El'azar | |||
landsby | |||
Namneopphav: Eleazar, son av Horan | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Gush Etzion | ||
Del av | Gush Etzion | ||
Koordinatar | 31°39′36.14″N 35°8′31.25″E | ||
Folketal | 1 850 | ||
Grunnlagd | 1975 | ||
- Grunnlagd av | Immigrantar frå Nord-Amerika | ||
Elazar i Gush Etzion 31.660038888889°N 35.142013888889°E / 31.660038888889; 35.142013888889 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Elazar | |||
Netiv Ha’avot utpost er offisielt ei utviding av Elazar, 500 meter utafor området til Elzar,[4] og like ved Alon Shvut. Denne er bygd på privateigd, palestinsk jordbruksland.[5]
Netiv Ha'avot har vore to gonger oppe i Høgsteretten.[6] Retten gav styresmaktene ordre om å danna ein komité som skulle undersøke kven som eigde landområdet. Så langt er det ikkje oppretta noko komité.[6]