From Wikipedia, the free encyclopedia
Elliptiske galaksar er ellipseforma galaksar, stort sett jamne i forma og utan særlege visuelle trekk.[1] Elliptiske galaksar er stort sett sette saman av berre eldre stjerner med lite tett gass tilgjengeleg for vidare stjernedanning. I Hubble-serien er elliptiske galaksar skildra utifrå den tilsynelatande forma: frå E0 for dei mest sfæriske galaksane, til E7 for dei mest flate. Storleiken og lysstyrken til elliptiske galaksar varierer mykje; frå dei minste dvergellipsene med 100 millionar stjerner til dei største gigantane med 10 billionar (1013) stjerner. Dynamiske målingar har vist at elliptiske galaksar ofte er triakselle, dvs. dei har tre ulike radiar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.