Ensisheim-meteoritten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ensisheim-meteoritten er ein steinmeteoritt på 127 kg som 16. november 1492 fall ned i Ensisheim i Alsace. Den største delen av steinen, med vekt 54,75 kg, er oppbevart i rådhuset i Ensisheim.
Meteoritten vart observert som ei eldkule frå ein avstand opp til 150 km unna staden han til slutt landa. Sebastian Brant (1458–1521), ein satirikar og forfattar av Das Narrenschiff, skildra meteoritten i eit dikt.[1]