Epstein-Barr-virus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Epstein-Barr-viruset (EBV) eller menneskeherpesvirus 4 (HHV-4) er eit herpesvirus som infiserer meir enn 90 % av folkesetnaden i verda. Viruset kan valda ymse kreftformer, som Hodgkin-sjukdomen og Burkitt-lymfom. Det valdar òg kyssesjuke.[1][2] EBV-viruset infiserer i hovudsak B-seller og epitelseller, men kan òg infisera naturlege drepeseller, T-seller og seller i glatt muskulatur. EBV-virus kan sitja latent i seller i kroppen, ute av rekkjevidda til immunsystemet, og slik skipa ein livslang infeksjon.[3]
Epstein-Barr-virus | |
To Epstein-Barr-viruspartiklar (rundingar med membran) | |
Systematikk | |
Rike: | Heunggongvirae |
Rekkje: | Peploviricota |
Klasse: | Herviviricetes |
Orden: | Herpesvirales |
Familie: | Herpesvirus Herpesviridae |
Underfamilie: | Gammaherpesvirus Gammaherpesvirinae |
Slekt: | Lymphocryptovirus |
Art: | Epstein-Barr-virus H. herpesvirus |
Vitskapleg namn | |
Human herpesvirus 4 |
Epstein-Barr-viruset er mellom dei potensielle faktorane som kan bidra til multippel sklerose (MS) med sterkast prov. Over 99 % av alle MS-pasientar mot kring 94 % av kontrollar er vortne infiserte med EBV.[4]
Epstein-Barr-viruset vart oppdaga i 1964 av britiske Anthony Epstein, PhD-studenten hans Yvonne Barr og kollegaen hans Bert Achong. Viruset er namnsett etter to av desse.[2][5]