Eurovision Song Contest 2002 var den 47. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen bestod av ein finale som blei arrangert laurdag 25. mai 2002 i Saku Suurhall i Tallinn i Estland. Arrangør var Eesti Televisioon, og programleiarar var Annely Peebo og Marko Matvere. Dette var fyrste gongen konkurransen ble arrangert av eit av landa som kom inn i konkurransen etter at Berlinmuren fall. EBU sette talet på deltakarland til 24 land, og vinnaren blei Latvia med «I Wanna», framført av Marie N. Dette var den fyrste sigeren til Latvia i Eurovision Song Contest.
Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Eurovision Song Contest 2002 |
|
|
|
Offisiell tittel 47. Eurovision Song Contest |
|
Dato |
Finalen | 25. mai 2002 |
Vertskap |
|
Programleiar(ar) Annely Peebo Marko Matvere |
|
Kringkastar(ar) Eesti Televisioon (ETV) |
|
Varigskap |
Opningsnummer |
Pausenummer |
Bidrag |
|
|
|
|
Kart |
|
|
Røysting |
|
Eurovision Song Contest |
|
Lukk
Noreg deltok ikkje på grunn av den dårlege plasseringa i København året før. Dette var fyrste gongen sidan 1970 at Norge ikkje deltok, og hittil einaste gongen landet ufriviljug måtte stå over ei utgåve av konkurransen. Malta kom på andreplass, mens Storbritannia og vertslandet Estland enda på delt tredjeplass. Danmark kom sist, og dette er den einaste sisteplassen til Danmark i konkurransen til no.