Evolusjonær systematikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Evolusjonær systematikk, evolusjonær taksonomi eller darwinistisk klassifisering er ei grein av biologisk systematikk som søkjer å klassifisere organismar med hjelp av ein kombinasjon av fylogenetiske tilhøve og graden av evolusjonære endringar. Denne typen taksonomi ser på taksa framfor einskildartar, slik at grupper av artar gjev opphav til nye grupper.[1] Konseptet fann den noverande forma i den moderne evolusjonære syntesen tidleg på 1940-talet.
Evolusjonær taksonomi skil seg frå den strenge før-darwinistiske taksonomien etter Carl von Linné på det viset at han byggjer fylogenetiske tre. Medan kvart takson i fylogenetisk nomenklatur må bestå av ein einskild nedarva node med alle sine etterkommarar, tillèt ein i evolusjonær taksonomi at grupper blir tatt ut frå foreldretaksonet, slik at til dømes dinosaurar ikkje inkluderer fuglar, men har gjeve opphav til dei, soleis tillèt systemet parafyletiske grupper.[2]