Fiat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fiat er eit merkenamn som høyrer til bilprodusenten Fabbrica Italiana Automobili Torino basert i Torino i Italia. Namnet er eit akronym laga av det italienske namnet: Fabbrica Italiana Automobili Torino. Det stavar også det latinske ordet fiat som tyder 'lat det bli', eit uttrykk for håp og styrke som i fiat lux, 'lat det bli lys'. Verksemda vart starta av Giovanni Agnelli i 1899. Ho omsette for 35,88 milliardar euro i 2010.
Kjappe fakta Org.form, Bransje ...
Fabbrica Italiana Automobili Torino (FIAT) | |||
| |||
Fiat Mirafiori : Fiat's current Headquarters Torino, Italy | |||
Org.form | S.p.A. | ||
---|---|---|---|
Bransje | Bilindustri | ||
Skipa | 11. juli 1899 | ||
Eigenandel i | Innocenti | ||
Hovudkontor | Torino | ||
Land | Italia | ||
Produkt | bil | ||
Grunnleggjar(ar) | Giovanni Agnelli | ||
Adm.dir. | Olivier François (2011)[1] | ||
Nettstad | https://www.fiat.com/ (engelsk) |
Close
Frå slutten av 1960-åra har Fiat kjøpt eller vunne kontroll over ei rekke selskap, mellom anna:
- Bilprodusentar: Ferrari, Lancia, Alfa Romeo og Maserati.
- Nyttekjøretøy: OM og Iveco.
- Landbruksmaskiner: New Holland og det canadiske merket Flexy-Coils.
- Anleggsmaskiner: produsert av Fiat-Hitachi Construction og New Holland Construction.
- Bussar: Fiat, Iveco og Irisbus.
- Flyindustri: fly og relaterte komponentar vert produsert av FiatAvio, som også kontrollerer EVL, som driv med romindustri.
- Militære køyretøy.
- Komponentar: den største, italienske komponentprodusenten, Magneti-Marelli er eigd av Fiat og i sin tur eig denne verksemda merke som Carello, Automotive Lighting, Siem, Cofap, Jaeger, Solex, Veglia Borletti, Vitaloni, Automotive Lighting og Weber.
- Stålverk og metallurgi: Fiat eig Teksid.
- Forlag, publisering, media: Fiat-gruppa er også eigar av forlag som La Stampa, Itedi og Italiana Edizioni. Gruppen eig også fleire riks- og lokalaviser eller kontrollerer dei gjennom ulike selskap.
- Finansielle tenester: Eit viktig forsikringsselskap, Toro Assicurazioni, gjev Fiat ei kontrollerande marknadsposisjon.
- Bygg/anlegg: Ingest Facility og Fiat Engineering arbeider på ei rekke ulike sektorar, og IPI er eit formidlingsselskap som også driv med eigedomsforvaltning og drift.
- IT: Fiats verksemd på denne sektoren skjer gjennom ICT - Information & Communication Technology, Espin, Global Value, TeleClient, Atlanet.
Fiat eig også skianlegga i Sestrieres (denne byen i Alpene er skapt av Agnelli-familien).