Filologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Filologi (frå gresk φιλολογία, philologia, 'kjærleik til ord, tale') er vitskapen om språket og litteraturen til eit folk, til dømes klassisk filologi og germansk filologi. Språkstudiet i seg sjølv, lingvistikken, er ein av fleire vitskapar som har basis i filologien.
Opphavleg vart ordet brukt einstydande med klassisk filologi, vitskapen om språket, litteraturen og kulturen til dei gamle grekarane og romarane. I dag bruker ein ordet om språkstudium som heile, om hermeneutikk (fortolking), om oldtidskunnskap og om historiske studie av litteratur.
Ein filolog arbeider ofte ved undervisings- og forskningsinstitusjonar, på bibliotek, i media, forlag, museum eller i offentleg administrasjon.