Flyktningkonvensjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flyktningkonvensjonen[1][2][3], i norsk lovverk kalla Konvensjon om flyktningers stilling,[4] er ein konvensjon som blei utarbeidd av Dei sameinte nasjonane (SN) i kjølvatnet av andre verdskrigen for å sikra at alle flyktningar får dei universelle menneskerettane som er formulerte i Menneskerettserklæringa frå 1948.[5]
Konvensjonen blei vedtatt av generalforsamlinga i SN den 28. juli 1951, og kom i kraft 22. april 1954,[6] etter at han var ratifisert av 35 statar. Den opphavlege konvensjonen tok berre for seg europearar som hadde flykta før 1951, i praksis folk som hadde flykta som følgje andre verdskrigen. Ein tilleggsprotokoll til flyktningkonvensjonen vedtatt i 1967 gjorde reglane i konvensjonen gjeldande for alle, uansett kva tid dei flykta og kva stad dei flykta frå.[7]
Flyktningkonvensjonen definerer i artikkel 1 a kven som blir rekna som flyktning og gir alle flyktningar rett til å søka vern mot forfølging.[5] Den enkelte staten bestemmer kven som blir omfatta av vilkåra, og dette kan ha ulik tolking i dei enkelte statane.[5]
Non refoulement-prinsippet i artikkel 33 er mest sentralt i vernet og er forbodet mot å returnera flyktningar til heimlandet eller til eit anna utrygt område.[5] Flyktningkonvensjonen gjev òg nokre viktige rettar for flyktningar som rett til arbeid, utdanning, rett til å organisera seg og tilgang til domstolane i landet.[5]