Foramen magnum
oval opning i botnen av bakhovudbeinet / From Wikipedia, the free encyclopedia
Foramen magnum (latin for «det store hol») er ei stor opning på 3—4 cm i bakhovudbeinet i hovudskallen hjå menneske.[1] Det er ein av fleire ovale og runde opningar, såkalla foramina, i basen av skallen. Ryggmergen, som er ei forlenging av den forlenga merg, går gjennom foramen magnum og ut av skallen.[1] Ut av foramen magnum kjem òg den djupe halsarterien, arteria spinalis anterior, a. spinalis posterior, membrana tectoria og ligamenta alaria. Den verkar òg som ein kanal for den spinale delen av n. accessorius som går inn i skallen.