Fredrik II av Danmark-Noreg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fredrik II (1. juli 1534–4. april 1588) son av kong Kristian III og Dorothea av Sachsen-Lauenburg, vart fødd på Haderslevhus i Danmark.[1] Han var konge av Danmark-Noreg frå 1559 til 1588 og var av den oldenborgske slekta. Etter faren sin siger i Grevefeiden vart Fredrik i 1536 vald til tronfylgjar med tittelen «prins av Danmark». Då faren døydde i 1559 skreiv Frederik under på ei handfesting og kom på trona. I 1572 gifte han seg med sitt 15-årige syskenbarn, Sophie av Mecklenburg, som var 23 år yngre enn han.
Fredrik II | |||
Fredrik II med kommandostav, kruttflaske og pung på eit måleri av Hans Knieper. | |||
Konge av Danmark og Noreg | |||
Regjeringstid | 1559–1588 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 1. juli 1534 | ||
Fødestad | Haderslev | ||
Død | 4. april 1588 | ||
Dødsstad | Slagelse | ||
Gravstad | Roskilde domkyrkje | ||
Gift med | Sophie av Mecklenburg | ||
Dynasti | Fyrstehuset Oldenburg | ||
Motto | «Intet uden Gud» | ||
Far | Kristian III av Danmark-Noreg | ||
Mor | Dorothea av Sachsen-Lauenburg | ||
Born | Elisabeth av Danmark, Anna av Danmark, Kristian IV av Danmark-Noreg, Ulrik av Danmark, Augusta av Danmark, Hedevig av Danmark, Hans af Danmark |
I 1559 erobra han Ditmarsken saman med farbroren hertug Adolf av Gottorp. Elles var dei fyrste åra av regjeringstida hans prega av store motsetnader i høve til Sverige. Fredrik II makta ikkje å få gjennomført dei militære planane sine under den Den Nordiske Sjuårskrigen frå 1563 til 1570. Fredrik II hadde tyske leigesoldatar, og rekna med at han difor snøgt kunne vinna krigen mot svenskane. På grunn av dårleg organisert tilførsle av forsyningar måtte dei vera vinteren over i Skåne. Planen var å rykkja snøgt fram mot Stockholm. Året etter var svenskane på frammarsj, og dei trengde inn i Noreg fleire stadar. Svenskane herja mellom anna i Halland og Blekinge. Mot sommaren fekk Frederik II organisert eit pengelån til å finansiera planane om eit åtak mot Stockholm. Åtaket fall i fisk og hæren måtte trekkja seg attende. Eit nytt forsøk i oktober vart mislukka, og det danske Riksrådet miste mest tolmodet.
Fredrik II såg seg nøydd til å kalla heim den gamle uvenen til faren, Peder Oxe. Peder Oxe fall i unåde hjå Christian III i 1556 og vart tvungen til å reisa utanlands. Oxe vart gjeven lov til å koma attende til Danmark. Oxe gjorde mykje for å betra pengestoda til den danske staten. Adelen vart overtala til å ta større del i økonomiske ytingar. Øresundstollen vart tredobla. Ved freden i Stettin i 1570 var Danmark framleis den mektigaste staten i Norden.