GIMPS
From Wikipedia, the free encyclopedia
GIMPS, The Great Internet Mersenne Prime Search, er eit forskingsprosjekt i matematikk. Målsetjinga til prosjektet er å finne store mersenneprimtal med hjelp frå programvara Prime95 og MPrime og bruk av distribuert datahandsaming.
Fram til september 2006 har prosjektet vore framgangsrikt og har lukkast med å oppdage ti mersenneprimtal, alle var òg største kjente primtalet då det vart oppdaga. Per 4. september 2006 er det største primtalet 232 582 657 − 1 (eller kort M32582657). Dermed er begge dei siste to mersenneprimtala funne med hjelp frå 700 samanbundne datamaskinar under kontroll av Steven Boone og Curtis Cooper ved Central Missouri State University i USA.
Sidan juni 2006 har GIMPS hatt ein gjennomstraum av over 20 teraflops, som gjer GIMPS til ein av dei mest kraftfulle superdatamaskinane i verda.
Sjølv om programvara for GIMPS er open kjeldekode, er han ikkje teknisk sett fri programvare ettersom det finst restriksjonar som gjeld prisutdeling som brukarane må følgje. Etter at Electronic Frontier Foundation har delt ut Cooperative Computing Awards-prisane er likevel restriksjonane utan verknad.