Open kjeldekode
From Wikipedia, the free encyclopedia
Open kjeldekode (engelsk «Open Source Code») tyder at kjeldekoden til eit dataprogram er gjort tilgjengeleg for alle (ofte på Internett). Det finst mange forskjellige lisensar for open kjeldekode, to av dei mest kjende er BSD og GNU GPL. Den siste er òg fri programvare.
Mange programvareselskap lagar seg sine egne spesialtilpassa opne lisensar. Organisasjonen Open Source Initiative (OSI) har ein godkjenning der lisensar som følgjer deira definisjon av open kjeldekode får tittelen «OSI approved».
Nokre kjende døme på program med open kjeldekode er Linux, KDE, Apache, PHP, Mozilla, Scilab og MediaWiki, som driv Wikipedia.