Gaziantep
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gaziantep, framleis og tidlegare uformelt kalla Antep, er ein by søraust i Tyrkia og av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Byen ligg 185 km nordaust for Adana og 127 km langs bilvegen nord for Aleppo i Syria. Byen har to bydistrikt under seg, Şahinbey og Şehitkamil. Han er den sjette største byen i Tyrkia og har 1 376 352 innbyggjarar (2011), medan storbyomrdået har kring 1,4 millionar innbyggjarar.
Gaziantep | |||
by | |||
Gaziantep | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-Anatolia | ||
Provins | Gaziantep | ||
Koordinatar | 37°04′N 37°23′E | ||
Areal | 7 642 km² | ||
Folketal | 1 376 352 [1][2] | ||
- storby | 1 393 289 | ||
Folketettleik | 180 / km² | ||
Borgarmeister | Asım Güzelbey | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 27x xx | ||
Retningsnummer | 342 & 343 | ||
Gaziantep 37.062777777778°N 37.379166666667°E / 37.062777777778; 37.379166666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Gaziantep | |||
Nettstad: www.gaziantep-bld.gov.tr | |||
Han ligg nær elva Sacirsuyu, som er ei sideelv til Eufrat. Han er eit viktig vegknutepunkt og handelssenter for mellom anna jordbruksprodukt frå omlandet, som pistasjnøtter og vindruerer. Byen har fleire gamle byggverk mellom anna ruinar av eit austromersk fort frå 500-talet og fleire moskear. Det ligg eit etnografisk museum i byen og universitet.