Georg Friedrich Händel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Georg Friedrich Händel[1] (23. februar 1685–14. april 1759), var ein tysk-britisk komponist kjend for sine operaer, oratorium og concerti grossi. Han vert rekna som ein av dei mest produktive og viktigaste musikarane nokon sinne, og representerer ved sida av Johann Sebastian Bach høgdepunktet i seinbarokken.
Georg Friedrich Händel | |||
Georg Friedrich Händel | |||
Fødd | 23. februar 1685 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Halle an der Saale i Hertugdømet Magdeburg | ||
Død | 14. april 1759 (74 år) | ||
Dødsstad | London i England | ||
Fødenamn | Georg Friedrich Händel | ||
Opphav | Brandenburg-Preussen, Kongeriket Storbritannia, Det tysk-romerske riket | ||
Periode | Barokken | ||
Aktiv | 1702–1759 | ||
Sjanger | opera, oratorium, solokonsert, anthem, klassisk musikk, coronation anthem | ||
Instrument | pipeorgel, cembalo, obo | ||
Verka som | Komponist | ||
Mor | Dorothea Händel | ||
Far | Georg Händel |
Händel var ein sann kosmopolitt som etter oppveksten i Halle levde formative vandre- og læreår i Hamburg, Italia og Hannover. Han budde mesteparten av livet sitt i England og fekk britisk statsborgarskap 22. januar 1727.[2]
Händel skapte ein meisterleg musikalsk syntese av tysk, italiensk og engelsk tradisjon, og han skreiv musikk i alle sjangrane frå denne tida. Musikken til dei fleste av hans samtidige komponistar vart raskt gløymd etterkvart som musikksmaken endra seg, men verka til Händel har stått uavbrote på repertoaret i meir enn 250 år, lenger enn musikken til nokon annan komponist.
Det mest spelte verket hans er oratoriet Messias. Øvrige kjende verk er orkesterstykka Water Music og Music for the Royal Fireworks. Händel var sterkt påverka av teknikkane til dei store komponistane i den italienske barokken, såvel som Henry Purcell i England. Musikken til Händel vart flittig studert av komponistar etter han, til dømes Haydn, Mozart og Beethoven.