Gepard
pattedyrart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gepard (Acinonyx jubatus) er eit rovdyr som høyrer til kattefamilien. Ordet gepard kjem frå gresk og tyder kattepanter. Geparden held til i Afrika, sør for Sahara, og i nordaust i Iran (Acinonyx jubatus venaticus).
Gepard | |
Gepard | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av gepard | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Feliformia |
Familie: | Kattefamilien Felidae |
Underfamilie: | Felinae |
Slekt: | Acinonyx |
Art: | Gepard A. jubatus |
Vitskapleg namn | |
Acinonyx jubatus Schreber, 1775 |
Ordet gepard kjem frå italiensk via fransk, og tyder eigenleg 'kattepanter'.[1] Andre stader i verda kan dyret ha namn som engelsk cheetah, som kjem av hindi «chita» og tyder 'den flekkete'. Geparden vert rekna som verdas hurtigaste landlevande pattedyr og kan oppnå ein toppfart på 110-120 km/t over ei kort strekning (250-300 m).