From Wikipedia, the free encyclopedia
Gisborne (maori Tūranga-Nui-a-Kiwa, 'Staden der Kiwa stod') er ein by nordaust på New Zealand og den største tettstaden i Gisborne distrikt. Han har 36 600 innbyggjarar (2017).[1]
Gisborne | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Gisborne | ||
Areal | 38,42 km² | ||
Folketal | 36 600 (2017) | ||
Gisborne 38.6625°S 178.017778°E | |||
Wikimedia Commons: Gisborne | |||
Gisborne ligg i den nordlege delen av Poverty Bay, der elvene Waimata, Taruheru og Tūranganui renn saman og munnar ut i Stillehavet. Staden blei opphavleg kalla Turanga. I 1870 fekk han namn etter koloniministeren William Gisborne.[2]
Gisborne-området har vore folkesett i over 700 years.[3] Maoristammane Te Aitanga-a-Māhaki, Rongowhakaata, Ngāi Tāmanuhiri og Te Aitanga-a-Hauiti budde her i fleire hundreår. Dei fører avstamminga si tilbake til folk som kom reisande med kanoane «Te Ikaroa-a-Rauru», «Horouta» og «Tākitimu».[4] I løpet av 1300-talet grunnla maoriane fiskelandsbyar ved kysten og bygde forskansa landsbyar eller pā på åsane i nærleiken.[5]
Det finst ulike overleveringar om korleis busetnaden skal ha blitt skipa. Ei av sogene fortel av den store navigatøren Kiwa først steig i land ved Tūranganui-elva med wakaen «Tākitimu» etter å ha reist hit frå Hawaiki,[6][5] og at Pāoa, som var kaptein for «Horouta», kom seinare. Kiwa måtte venta så lenge på kanoen at han kalla landingsstaden Tūranganui-a-Kiwa, 'den lange ventestaden til Kiwa'.[7]
Ein anna utbreidd versjon av soga fortel at «Horouta» kom fram før «Takitimu». I 1931 hevda Āpirana Ngata at «Horouta» hadde vore hovudkanoen som førte folk til austkysten, og at iwien Ngāti Porou alltid hadde rekna «Takitimu» som ein mindre viktig kano.[8] Denne versjonen blei støtta av maorihistorikaren Rongowhakaata Halbert, som sa at mannskapet til Paoa ombord på «Horouta» var dei første til å busetja seg på austkysten etter å ha reist frå Ahuahu eller Great Mercury Island.[9][10]
Kaptein James Cook på «Endeavour» gjorde si første ilandstiging på New Zealand på Kaiti-stranda i dagens Gisborne i oktober 1768.[11] Cook hadde sigla frå Plymouth i England i august 1768 med Tahiti som mål. Etter å ha fullført Tahiti-oppdraget fortsette Cook sørover for å leita etter eit stort landområde eller kontinent som ein trudde fanst der.[7][12] 9. oktober gjekk Cook i land på austbreidda av Tūranganui-elva med ei gruppe menn.[7] Store misforståingar mellom dei to folkegruppene førte til at ni maoriar blei drepne eller såra over fire dagar.
Staden der Cook steig i land blei markert med eit minnesmerke i 1906, på 137-årsdagen for hendinga. I 1964 blei landområdet registrert som eit historisk verneområde, og i fekk det status som nasjonalt historiske verneområde administrert av Department of Conservation.[12][13]
Etter Cook si oppdaging byrja europeiske handelsfolk og kvalfangarar å slå seg ned ved breidda av Tūranganui, og busetnaden Tūranga voks fram rundt elva og hamna.[5][14]
Frå tidleg på 1830-talet skipa kjøpmenn som kapteinane John Harris og George E. Read dei første handelsstasjonane ved Tūranganui. Dei har fått æra for å ha grunnlagt byen. I løpet av dei neste tretti åra kom mange fleire handelsfolk og misjonærar til området. I 1868 kjøpte styresmaktene ein eigedom 300 hektar til ein by. Byplanen blei laga i 1870, og namnet blei endra frå Tūranga til Gisborne, både til ære for den dåverande koloniministeren og for å hindra forveksling med Tauranga. Den første offentlege skulen og den første avis, Poverty Bay Standard, blei skipa i 1872.[10] I 1877 blei det skipa eit byråd.[2][5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.