Plymouth
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Plymouth (City of Plymouth) er ein by i Devon i det sørvestlege England ved grensa til Cornwall, der elvane Plym og Tamar munnar ut i det 5 km lange Plymouth Sound, som er verna av ein lang molo. Han voks opp omkring Plymouth hamn, som er ei av dei beste naturlege hamnene i verda. Byen har kring 250 000 innbyggjarar.
Byen er ei viktig flåtenamn med stort marineverft. Her finst maskinverktøy-, instrument-, næringsmiddel- og kjemisk industri. Handel og fiske er òg viktige for økonomien i byen. Byen har ein marinbiologisk stasjon, ein katolsk katedral og eit citadell frå 1666. Festningsverka i byen går attende til 1300-talet.
Byen er omtalt som Sudstone på 1000-talet. Hamna vart tidleg sentrum for Royal Navy, noko som både har ført til at han voks kraftig, og i Elizabeth-tida var han den fremste hamna i landet. Det var frå her Sir Francis Drake la ut på jordomseglinga si i 1577. Byen er òg kjent som stader der pilegrimane forlét England med Mayflower for å reise til Den nye verda i 1620. Marinebasen i byen førte òg til at byen vart sterkt skadd av bombinga til Luftwaffe under andre verdskrigen. Byen vart gjenoppbygd etter ein plan av arkitekten Patrick Abercrombie. Marinebasen er den største i Vest-Europa, og ein av dei få gjenverande i Storbritannia.
Plymouth har sidan 1914 òg omfatta byane Devonport og Stonehouse.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads