Gravitasjonsbølgje
bølgjer i romtida / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gravitasjonsbølgjer er forplantning av svingingar i eit gravitasjonsfelt. Gravitasjonsbølgjer er ifølge den generelle relativitetsteorien energi som forplantar seg utover frå ei kjelde i ei bølgjeform med lysfarten. Gravitasjonsbølgjer kan òg forklartast som fluktuasjonar i krumminga til den firedimensjonale romtida. Dette skuldast masse i universet, til dømes galaksar, stjerner og planetar.
- Denne artikkelen handlar om bølgjer i romtida. For bølgjer i væskedynamikk, sjå tyngdebølgje.
Gravitasjonsbølgjer vart føresett av Albert Einstein i den generelle relativitetsteorien i 1916,[1] og det første eksperimentelle beviset på at gravitasjonsbølgjene finst vart funne av Joseph Hooton Taylor jr. og Russell Alan Hulse i 1974 då dei oppdaga den første binære pulsaren. Pulsarar er raske roterande nøytronstjerner som sender ut korte regelmessige pulser av radiostråling. Dei uregelmessige pulsane frå pulsaren PSR 1913+16 fekk dei til å dra konklusjonen om at denne pulsaren hadde ein følgjesvein i form av ei anna nøytronstjerne som svevde rundt i ein tett bane. Det samla, sterke gravitasjonsfeltet til dei to stjernene påverkar frekvensen på radiopulsane som vart sende ut, og Taylor og Hulse kunne vise at stjernene roterte raskare nær kvarandre. Det ble føreslege at dette kom av at stjernene taper energi når dei sender ut gravitasjonsbølgjer. Dei to vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1993.