![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a9/PosGreekThrace.png/640px-PosGreekThrace.png&w=640&q=50)
Gresk Thráki
From Wikipedia, the free encyclopedia
Thráki (gresk Θράκη) eller Gresk Thráki, òg kalla Vest-Thrakia, er den nordaustlegaste av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Thráki og regionane Thessalía og Makedonia vert ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.
Kjappe fakta ΘράκηThráki ...
Thráki | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
| |||||
Land: | Hellas | ||||
Hovudstad: | Komotiní | ||||
Periferi: | Aust-Makedonía og Thráki | ||||
Folketal: | 346 259[1] | ||||
Areal: | 8 578 km² | ||||
Folketettleik: | 40,3/km² | ||||
Heimeside: | Ministry for Macedonia–Thrace |
Close
Området dekkjer den sørvestlege delen av Thrakia og var ein del av Det osmanske riket fram til den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen kjempa Bulgaria og Hellas om området, men i București-traktaten tilfall Vest-Thrakia Bulgaria, som hadde kontroll over området til slutten av den første verdskrigen. Etter bulgarsk tap i denne krigen vart Vest-Thrakia ein permanent del av Hellas i 1919-1920.