Gujrat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gujrat گُجرات | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Panjab | ||
Distrikt | Gujrat | ||
Folketal | 245 926 (1998[1]) | ||
Tidssone | PST (UTC+5) | ||
- Sommartid | PDT | ||
![]() Gujrat 32.573611111111°N 74.078888888889°E / 32.573611111111; 74.078888888889 | |||
Wikimedia Commons: Gujrat, Pakistan | |||
Gujrat (uttalt gudʒrˈat) er ein by i Panjab i Pakistan. Han har kring 250 100 innbyggjarar (1998). Gujrat ligg 11 mil nordvest for Lahore.[2]
Byen vaks opp rundt ein festning bygd 1580 av mogulkeisaren Akbar.[2] Han har namn etter gujar-kasten.[3] Gujrat låg tidlegare ved breidda av Chenab, men elva har sidan endra løp og renn no forbi byen eit par kilometer unna. Den gamle hovudvegen frå Peshawar til Karachi – Grand Trunk Road - går gjennom byen.
I 1849 sigra britane og sikhane her. Dette opna for den britiske annekteringa av Panjab.[2]
Gujrat er eit handelssenter. Det blir også framstilt møblar, lêr- og tekstilprodukt her. Av handverksproduksjon er særleg gull- og sølvarbeid viktig.[2]
Mange norsk-pakistanarar har røter i distriktet rundt Gujrat.[2]