Gåsegribb (Gyps fulvus) er ein stor gribb i haukefamilien Accipitridae. Han har utbreiing i nordvestre Afrika og på Den iberiske halvøya, dessutan spreidde førekomstar austover middelhavsregionen inkludert dei store øyane som Sicilia, Kreta og Kypros til Balkanhalvøya. Det vidaste utbreiingsområdet er frå Tyrkia og Den arabiske halvøya austover til Nord-India og til Kirgisistan i Sentral-Asia i aust.

Kjappe fakta
Gåsegribb
Thumb
Gåsegribb
Foto: Markel Olano
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigThumb
Utbreiinga av gåsegribb
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Gyps
Art: Gåsegribb G. fulvus
Vitskapleg namn
Gyps fulvus
Hablitz, 1783
Lukk

Skildring

Gåsegribbar er 93-110 centimeter lange med eit vengespenn på opptil 2,7 meter. Kroppsvekta kan variere mellom 6 og 10 kilogram.[1] Han har ein typisk gribbutsjånad, med breie venger og korte halefjør. Han har ein kvit hals, eit kvitt hovud og gult nebb. Gulbrun kropp og vengdekkarar står i kontrast til dei mørke vengfjørene.

Åtferd

Som andre gribbar er han ein åtseletar, og beitar hovudsakleg på dyrekadaver som han finn ved å sveve over opne område, ofte i flokkar. Dei etablerer lause hekkekoloniar i fjellveggar som er uforstyrra av menneske, ofte med vide habitat av opne område der dei søkjer føde.

Kvart kull er på eitt egg. Den lengste levetida som er notert for ein gåsegribb er 41,4 år, det var eit individ i fangenskap.[2]

Dette er i stor grad ein standfugl, men òg delvis trekkfugl. Hekkeområdet til gåsegribb spenner over store delar av Iberia, og strekkjer seg gjennom Pyreneane over Italia og Balkanhalvøya. Han hekkar også i Ukraina, Tyrkia, Kaukasusfjella og ulike middelhavsøyar. I Nord-Afrika finst han i Algerie. I Midtausten spenner det frå Syria til Jemen, og i Sør-Asia dekkjer det Iran, Afghanistan, Pakistan og Nord-India. I Sentral-Asia hekkar han i regionar som Turkmenistan, Usbekistan og det vestlegaste Kina.

Ikkje-hekkeområdet til gåsegribb inkluderer mykje av hekkeområdet, men strekkjer seg lengre sør. Om vinteren er han ofte observert i spanske høgland og fjellområde. Dei migrerer til Sahel-regionen sør for Sahara, Den arabiske halvøya, Irak, Pakistan, India og Irans Zagros-fjell. Ungfuglar frå Spania overvintrar ofte i Vest-Afrika. Ikke-reproduktive individ kan streife nordover til Kasakhstan, Sibir og Sentral-Europa, inkludert Alpane.[1]

Status og vern

Populasjonen i delar av utbreiingsområdet minka gjennom 1800-talet og 1900-talet,[3] men har auka i Europa etter tusenårskiftet på grunn av tiltak med introduksjon i nokre område der han var utdøydd.

Den viktigaste årsaka til den raske nedgangen i storleiken på bestanden var ulovleg bruk av gift i åte meint for rovdyr. Andre giftkjelder i føda er framleis identifisert som trugsmål, eit døme er tilfellet frå Spania i 2012 der eit individ var daudt etter forgifting av ikkje-steroide antiinflammatoriske midlar brukt av veterinærar. Den totale globale populasjonen er estimert til å ligge mellom 80 000 og 900 000 kjønnsmodne individ.[3]

Fysiologi

Thumb
Gåsegribb i sveveflukt nordvest for Madrid, Spania
Foto: Juan Lacruz

Gåsegribbar har blitt brukte som modellorganismar for studiar av sveveflyging og termoregulering.

Thumb
Gåsegribbegg

Energikostnadene for store fuglar ved flyging i konstant høgd har tendens til å vere høg om dei flyg på konvensjoenlt vis med å slå vengeslag. Men nokre fuglar, og gribbar spesielt, utnyttar meir effektive metodar som sveveflyging. I ein studie har ein funne at samanlikna med andre fuglar, som hevar stoffskiftet til i overkant av 16 gonger det basale nivået når dei flyg,[4] vil gåsegribbar i sveveflyging komme opp i berre 1,43 gonger basalt nivå i flukt. Gåsegribbar er òg effektive flygarar målt i evna til å vende tilbake til ein kvilepuls etter flytur innan ti minutt.[5]

Ein har ikkje observert at gåsegribbar søkjer ly for å termoregulere. Ein studierapport legg framlegg om at gribbar brukar område med naken hud som eit middel for å termoregulere i både ekstrem kulde og varme temperaturar. Ved å endre på kroppshaldinga kan dei variere dei nakne hudområda for eksponering til luft frå 7 % til 32 % av kroppsoverflata. Denne endringa gjer det mogleg for meir enn ei dobling av konvektivt varmetap i stilleståande luft.[6] Gåsegribbar vil òg tole økt kroppstemperatur som ein respons på høge lufttemperaturar. Ved å variere kroppstemperaturen uavhengig av stoffskiftet, kan gåsegribbar minimalisere tapet av væske og energi ved hjelp av temperaturreguleringa.[7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.