BirdLife International

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

BirdLife International er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å verne fuglane i verda og å ta vare på leveområda deira. Dette er ein global verneføderasjon med eit verdsomspennande nettverk av over 100 partnarorganisasjonar.

BirdLife International vart grunnlagt i 1922 av ornitologane T. Gilbert Pearson og Jean Theodore Delacour under namnet «International Council for Bird Preservation». Denne lobbygruppa fall ut av bruk etter den andre verdskrigen. Gruppa vart aktiv igjen i 1983 med utnemninga av ein profesjonell direktør, og skifta namn til BirdLife International i 1993.

BirdLife International er den offisielle fagautoriteten for global raudliste for fuglar hos IUCN.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads