Habsburg i Sveits
From Wikipedia, the free encyclopedia
Habsburg er ein kommune i distriktet Brugg i kantonen Aargau i Sveits. Kommunen har 421 innbyggjarar (2010) og eit areal på 2,23 km². Kommunesenteret ligg 470 meter over havet. Han ligg om lag 3 km sørvest for byen Brugg, hovudstaden i distriktet. Habsburg er kalla opp etter Habsburg slott, bygd kring 1020-1030 for grev Radbot frå det nærliggande grevskapet Klettgau i hertugdømet Schwaben, som Habsburg var ein del av på denne tida.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Habsburg | |||
---|---|---|---|
Habsburg | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Aargau | ||
Distrikt | Brugg | ||
Språk | tysk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
2,23 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
421 188,8 /km² | ||
Koordinatar | 47°28′0″N 8°11′0″E | ||
Høgd over havet | 470 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 5245 |
Lukk
Kommunen består av landsbyen Habsburg nedanfor Habsburg slott. Han ligg ovanom Aaredalen, like aust for Wüpelsberg, som slottet står på.