Hagia Sofia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hagia Sofia (tyrkisk Ayasofya, gresk Agia Sofia, latin Sancta Sophia, 'den heilage visdomen') er ein moské og tidlegare kyrkje i Istanbul i Tyrkia som lenge vart teken vare på som museum. Bygningen vart oppført 532-537 under keisar Justinianus I som gresk-ortodoks kyrkje. Etter at det kristne Konstantinopel fall i 1453, vart bygningen gjort om til moské. I 1934 vedtok den tyrkiske statsleiaren Mustafa Kemal Atatürk å gjere han om til eit museum. I 2020 var Hagia Sofia gjort om til moské att.[1]
Hagia Sofia | |||
| |||
Arkitekt | Isidoros frå Milet, Anthemios frå Tralleis, Trdat, Mimar Sinan | ||
---|---|---|---|
Opna | 1054 | ||
Stil | bysantinsk arkitektur, basilika | ||
Hagia Sofia 41.008333333333°N 28.98°E / 41.008333333333; 28.98 |
Hagia Sofia er den bysantinske arkitekturen sitt meisterverk. Kyrkja inntok ein viktig plass i den bysantinske propagandaen, då ho vart sett på som acheiropoiet ('ikkje av menneskehand'). Ho var eit rom der dei jordiske og himmelske sfærane møttest og gjenspegla Guds kosmiske ordning. I ei seinare tid såg muslimar bygget som den fullenda moskéen, den øvste himmelen, og ho vart førebilete for islamsk arkitektur. Også i dag vert Hagia Sofia omtala som ei av verdas vakraste bygningar.
Sentralrommet i Hagia Sofia ligg under ein mektig kuppel, og er omgjeve av galleri i to høgder. Den opphavlege mosaikken og dei mangefarga marmorplatene spegla lyset frå dei mange vindaugo og levande ljos. Utvendig er Hagia Sofia ombygt i etappar, og har vorte tilført minaretar og forsterkningar.