Hama
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hama (arabisk حماة,, i Bibelen kalla Ḥamāth som tyder «festning») er ein by ved breidda av Orontes vest i det sentrale Syria. Han ligg 213 km nord for Damaskus og 46 km nord for Homs. Han er provinshovudstaden i Hama guvernement. Med eit folketal på 854 000 (2009), er Hama den fjerde største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus og Homs.[2][3]
Hama | |||
حماة | |||
by | |||
Hama | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hama | ||
Distrikt | Hama | ||
Nahiyah | Hama | ||
Koordinatar | 35°08′N 36°45′E | ||
Folketal | 312 994 (2004)[1] | ||
Retningsnummer | 33 | ||
Hama 35.133333333333°N 36.75°E / 35.133333333333; 36.75 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Hama | |||
Nettstad: http://www.ehama.sy/ | |||
Byen er kjend for dei sytten noriaene som vert nytta for å vatne hagane, og som vert hevda å vere daterte til 1100 fvt. Sjølv om dei historisk sett vart nytta til kunstig vatning, er noriaene i dag mest til pynt.
I dei siste tiåra har byen Hama vorte kjend som eit senter for anti-Ba'ath-rørsler i Syria, mellom anna Muslimsk Brorskap. Byen vart angripe av den syriske hæren under det islamske opprøret i 1964, og vart åstad for eit blodbad under det islamske opprøret i Syria i april 1981 og særskild i 1982, då nesten 25 000 menneske vart drepne i det som vart kjent som Hama-massakren. Byen vart igjen åstad for strid mellom det syrisk forsvaret og motstandsstyrkar, som ein av hovudarenaene under den syriske borgarkrigen i 2011 og 2012.