Harald Grønningen
norsk langrennsløpar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Harald Grønningen (9. oktober 1934–26. august 2016)[1] var ein norsk langrennsløpar frå Lensvik i Sør-Trøndelag som deltok internasjonalt for Noreg i åra frå 1958 til 1970. Han vart olympisk meister på 15 km under Vinter-OL 1968 og verdsmeister med Noregs lag i 4 x 10 km stafett då Ski-VM 1966 fann stad i Holmenkollen i Oslo. I alt vann han fem olympiske medaljar og to reine verdsmeisterskapsmedaljar. Grønningen sikra seg ni norske meisterskapstitlar og vart tildelt kongepokalen både i 1963 og 1967. I 1961 fekk han Holmenkollmedaljen, etter å ha vunne 15 km i Holmenkollen to år på rad. Dei fleste åra som aktiv var han medlem i SK Freidig i Trondheim, elles i Lensvik Idrettslag i heimbygda.
Kjappe fakta
Harald Grønningen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. oktober 1934 Lensvik |
Død |
26. august 2016 (81 år) |
Yrke | langrennsløpar, friidrettsutøvar |
Harald Grønningen på Commons |
Lukk